Han pene

«Jammen rart det der med utsjånad og preferansar,» sa ho. «I dag skulle eg bestemme kven eg ville ansette som vikar, og hadde valet mellom to menn som begge hadde dei formelle kvalifikasjonane på plass. Ein veit jo dette med at utsjånad betyr noko, at det er lettare å få jobb når ein er pen. Men ein trur jo ikkje at ein velger slik sjølv. Han penaste, med dei brune augo, hadde til og med mindre relevant arbeidserfaring. Det var kanskje ikkje berre ansiktet, det var handtrykket og. Han mindre pene, med dei blå augo, hadde laust handtrykk.»

Kven ville du vald?  Han med dei pene brune augo og det faste handtrykket? Eller han med yrkeserfaringa?

han erfarne

Advertisements