Synnøve Koløen er ein fortellar. Ho kan halde ein forsamling urolege ungar fjetra og musestille, mens dei tynne armane hennar vever fram tusser frå skogane, og stemma hennar får elefantar til å marsjere over Alpene. Ho krøker seg og strekk seg, og manar fram huldresong og trampande troll.
Synnøve er mi venninne. Eg har kjent Synnøve heile livet, frå ho var ein rar, liten Yoda, til ho som vaksen er blitt eit av desse sjeldne menneska som er ein klippe for folk rundt seg. Varm, nær, men trenger seg sjeldan på med sitt eige liv.

solveig-og-synnove.jpg

Synnøve er mor. Ho fekk følge den vesle førsteklassingen sin til skulen ei veke. Så kom tilbakefallet. Ho har akutt leukemi. Cellegifta vart avslutta no i vår. Ho fekk fire månader med familien sin no i sommar, med guten på tre år og jenta på seks. Ho har vore sliten og redd denne sommaren, men har bitt tenna saman og smilt og håpt.

No er eg og du einaste håpet hennar.
Gjennom cellegiftkurane har ho arbeidd med å vere positiv og ha tru og håp.

No er det ikkje nok å håpe. No treng ho ein beinmargsdonor.

Det fins mange mytar kring beinmargstransplantasjon. Eg trudde det var farleg. Og eg trudde det berre var nær familie som kunne gje. Og så trudde eg at ein skulle melde seg som donor til ein bestemt person. Og at røykarar ikkje var velkomne.
Men eg tok feil. Det er ein heilt ufarleg og lett måte å redde livet til eit anna menneske på.

Dette kan du gjere: Ta kontakt med nærmaste blodbank. Meld deg som blodgjevar. Og sei at du er interessert i å vere beinmargsdonor.
Sjansen for at du kjem til å bli brukt er under ein tusendedel. Det vil seie, dersom ein står registrert som beinmargsdonor i ti år er sjansen for å bli brukt 1%.

Men sjansen for at Synnøve overlever aukar dramatisk når mange melder seg. Det fins millionar av vevstyper og ein må finne den eksakte matchen.

Det tek noko tid å bli registrert som blodgjevar og donor, og ho har ikkje så mykje tid.

Ta kontakt med næraste sjukehus eller finn blodbanken din her: Blodbanken på nett

Det er visst ikkje nok å melde seg på nettet, ein må ta direkte kontakt for time. Ellers vil det vere for seint.
Meir fakta.

Eg vil så gjerne få behalde ho. Ho er så veldig fin.

synnove-og-torres.jpg

Reklamer