Det er for tida over tusen lesarar dagleg på den opprinnelege blåggen min, og dei aller, aller fleste kjem dit fordi dei er interesserte i å lese om og hjelpe Synnøve. Sidan eg ikkje får limt innlegget dei er ute etter øverst på blåggen, velger eg heller å lage meg ein liten evakueringsblågg her inne.

Responsen på innlegget om Synnøve har vore fantastisk, det vitnar om hjertelag og vilje til å hjelpe, både hos dei som kjenner Synnøve og alle dei som ikkje kjenner ho.

Ho kikkar innom blåggen der fleire gonger dagleg for å sjå om nokon har skrive helsingar. Når ein ligg på sjukehus og får cellegift er det lite ein kan gjere. Då er det godt å sjå på ein skjerm at dei der ute i verda tenker på ein og bryr seg om ein.

Blåggen min er brått viktigare for Synnøve enn den er for meg.

Derfor laga eg meg heller ein ny, lita blågg her inne så lenge. Eg håper at Synnøve snart ikkje vil trenge mi og andre si hjelp, at dei finn ein donor og at ho vert frisk. Ho har spøkt med at når den dagen kjem får ho evakuere til ein stad ingen har høyrt om ho. For ein privat person som henne er ikkje all denne eksponeringa noko ho har ønska seg. Det er noko ho gjer fordi ho har håp om at det kan redde livet hennar.

Reklamer