Sunnhordland, Haugesunds avis, Bergens Tidende og Aftenposten. No også NRK P1. Det er bra for saka, men rart å stå fram med fullt navn og bilde i avisa som blåggar. Nærast motstridande i høve heile prosjektet. Og trass i 22000 lesarar på halvanna veke, er det også eit faktum at eg ikkje har oppdatert blåggen sidan eg posta saka om Synnøve. Ikkje kan eg og ikkje vil eg.

Ikkje har eg fått skrive noko anna heller. I dag skulle vere første «arbeidsdag» med boka etter denne mediastyr- og reise-veka. Men så ringer NRK, og så skal dei ringast opp att, og så ringer dei kan hende att før klokka to, og kan hende blir det ikkje noko av. Men uansett får eg ikkje konsentrert meg om noko her.
Eg får tenke slik at dette blir det siste. Det er bra for donoraksjonen, og det gjev Synnøve håp at andre stiller opp når ho er for sjuk til å gjere det sjølv.

Men det begynner jo å gå opp for meg at folk som faktisk vert kjende og er mykje i media, må bruke mykje tid på slikt. Sjølv om dei nok ikkje nyttar tida til å trippe rundt og vere nervøse, då. Eg meiner mest dette med å få ro til å verkeleg konsentrere seg.

Eg treng helst seks timar uforstyrra for å komme inn i teksten og få tempoet opp, slik at det viser att at eg har jobba.
Ein time her og ein halvtime der innimellom telefonar blir berre vas.

Hm. Eit kvarter igjen til NRK skulle ringe att for telefonintervju.
Og etterpå må eg jo ned og stemme. Det er lokalval. Verda går merkeleg nok vidare, sjølv om eg er oppteken og surrete og nervøs og rar i hovudet.

Advertisements