Tusen takk for alle tilbakemeldingane! Folk frå heile Noreg har engasjert seg, og blodbankane her på Stord og andre stader har meldt om mange nye blodgjevarar og beinmargsdonorar (sjå presseomtale).

Og i dag kom dei beste nyhende me kunne fått: Synnøve er klar for donorsøk!

No venter me spent på at søket skal kunne komme i gang. Synnøve kjempar seg gjennom kvar einaste dag no, og har knapt overskot til å komme seg til pc-en, og då er det godt for ho å vite at me er mange som støttar ho og tenker på ho.

Alt som har skjedd denne halvanna veka som har gått sidan Synnøve vart innlagt har verkeleg vist kor mykje varme og vilje til å hjelpe som fins. Langt over 20 000 menneske har vore her inne og lese, og mange av dei har registrert seg som blodgjevarar og beinmargsdonorar. Alle oss som ikkje får gje blod har fått bidra med å spreie oppfordringa til andre.

Tusen, tusen takk til alle saman så langt.

Og me oppfordrar folk til å framleis melde seg som donorar! Det er enno tid å hjelpe Synnøve, i tillegg til den hjelpa som kjem andre til gode.

Reklamer