Det hender kvinnelege forfattarar seier at dei beste blant menn skriv elendig samanlikna med dei beste blant kvinner.
Og det hender mannlege forfattarar seier at dei beste blant menn skriv veldig mykje betre enn dei beste blant kvinner.
Det kan hende kvinner les begge kjønn, medan menn berre les bøker av menn.
Denne sommaren har mange meint noko om dette. Nokre teller. Andre forskar. Du kan google sjølv.

Kjønnsforskjellane er ikkje store. Store summeriske undersøkjingar viser tvertimot at det er brøkdels persentilar som skiljer oss i kvar ende når ein samanliknar menn og kvinner på ei rekkje ferdighetsområde. Dei aller fleste av oss har eigneskapar som rotar rundt i den store bjølla i Bellkurvene, og statistikk hjelper lite om du vil forutseie kjønn når du les karakterbøkene våre sladda for navn.

Men den vesle forskjellen er der. Og går du djupt nok i menneskesinnet betyr alt noko. I min innerste krins av vener og familie er det både kvinner og menn. Eg elskar dei, og vert aldri i samver eller samtale dupert av kjønna forskjellar.

Er litteratur djupare enn ekteskap? Er ei bok på 300 sider nærare enn ein venn du har kjent i 30 år?

Dersom verket går djupt nok: Ja.

Eg har opplevd to arenaer gjennom livet som går så djupt som eg rekk. Djupare enn smerte. Djupare enn kjærleik. Djupare enn vennskap. Fordi alle faktorar må med om ein verkeleg skal ned og inn dit.
Og den djupna har eg berre funne i god terapi og i stor litteratur.

Då rekk ein ut over orda, lengre, breiare, djupare. Ein kjem inn dit der sjølve eit menneskes vesen er.
Og dei orda me har til rådighet gjeld berre som felles fattige generaliseringar. Orda kan berre rekke inn dit om dei finn ressonans i djupet hos begge. Hos terapeuten og klienten. Hos forfattaren og lesaren.
Ein kan ikkje formidle opplevinga vidare. Ein kan ikkje formidle opplevinga seg i mellom.
Men ein vert rørt, og ein kjenner seg ramma.

Der nede, i det ordlause djupet, teller alt. Også den lille forskjellen.

Terapi og litteratur kan gjere god nytte utan å komme dit. Men når ein er der, veit ein det. Og då sit ein att med ei kjensle av å ha opplevd noko genialt, noko større og viktigare enn ein formår å ordsetje.

Polemikken mellom folk som seier «han er best» – «nei ho er», vert sjølvsagt meiningslaus. Det er umogleg å formidle nettopp kvifor unge menn kjenner ærefrykt når dei les Hamsun, mens kvinner opplever blodig tyngde når dei les Undset.

Eg er berre glad eg lever i eit land der kvinner kan vere forfattarar. Der det blir utgjeve fleire bøker enn strengt tatt rentabelt. At det fins eit mangfald som gjer det mogleg for meg å finne akkurat dei bøkene som rører ved mi sjel.

Og eg ordlaus takksam over å ha opplevd å arbeide som psykoterapeut, og at eg no skal få bruke tida mi på å skrive bok.

Som meg. Og som kvinne.

Advertisements