Mi to år yngre venninne meiner at 39 år er middelaldrande. Lett for ho å seie. Eg nærmar meg med stormskritt.

Derfor, eller på trass eller noko, har eg i dag gjort følgande:

  • kjøpt meg sko og treningsklede til ein mindre formue
  • meldt meg inn i eit treningssenter
  • trent styrke i sal
  • trent styrke på eiga hand med apparat
  • gått tur

No kan de le.
Men eg er ikkje i noko middelalderkrise. Nemleg. 😦

Advertisements