Eg har lese Eskil Aasmuls Blodføre.
Eg les ikkje slikt. Thrillarar og bøker om folk som spring orientering. Eg har lese noko Wilbur Smith før, men brukar heller tida mi på anna. At eg har lese Blodføre skuldast at eg fekk den av forlaget for å anmelde den. No les eg litt seint, eg hadde rekna med å vere ferdig neste månad. I mellomtida har andre anmeldt. Både blåggfolk og aviser.
Eg kjem med andre ord litt seint ut i sporet, men til gjengjeld har eg lese kartet ordentleg.

Blodføre er rett ut i skauen og spring for livet. Eg hang på, så det surkla myrvatn i sokkane på meg. Rytmen er fin frå start, men det føles ei tid som oppvarming. Ein vekslar kjapt mellom personane, og anar slemmingar i mosen kjapt nok til at det ikkje vert keisamt i løypa. Ei tid tok eg meg i å tru at plottet var lett å gjennomskue, og tenkte at no ville forfattaren liksom lure meg. Men Aasmul strevar ikkje verken for å halde noko skjult eller med å freiste deg ut i for lange blindspor. Snart gløymte eg å spekulere, og var berre med.

Neste gong eg stansa opp og begynte å tenke var mot slutten. Då tok eg meg i å tenke at eg sat med den første norske boka som kom til å bli ein blockbuster frå Hollywood.
Og eg likar ikkje epilogar. Men denne kom faktisk frå det utan å irritere meg.

Eg er glad eg las boka. God underhaldning, lettlese, spanande, og akkurat passe overflatisk på karakternivå til at eg slapp å irritere meg over kvasipsykologiske flosklar (eg har lese norsk krim, og eg blir like sur kvar gong). Fin thriller. Gleder meg til filmen. Men ikkje la Julia Roberts spele hovudrolla, då blir Erin Brockovich-assosiasjonen for tydeleg.

Og mannen min seier han aldri har sett meg lese ferdig ei bok så kjapt.

Advertisements