Her i blåggelandsbyen er tabloidpressas publikasjonar av statistikk ei uuttømeleg kjelde til referatpostar. Dagbladets redaksjon demonsterer i dag igjen pussig lesing av statistikk, med ein noko spesiell presentasjon av årsak og verknad.

Det er nemleg konseptet sambuarskap som fører til fattigdom og manglande tryggleik for born.
Sambuarar går oftare frå kvarandre enn gifte, og samlivsformen er også forbunde med lav økonomisk og sosial status.

Vel.

Det skal ikkje rasande mykje kritisk sans til for å snu litt på det. Kan hende er det slik at når folk faktisk velger å gifte seg, er det meir sannsynleg at dei ønsker og velger kvarandre, felles ansvar og felles livsprosjekt, enn om dei ikkje gjer. Og medan ektepargruppa kun består av folk som har gått til det skritt å gifte seg, med dei refleksjonane og den handlingsprosessen dette inneber, vil sambuargruppa innehalde alt frå folk som er villige til felles liv, til folk som driv og flyttar inn og ut hos kvarandre i ett sett. Det ville ikkje undre meg om ein ville få interessante tal ut av å differensiere statistikken ytterlegare. Men å stille opp samlivsformen sambuarskap som medverkande årsak til fattigdom, samlivsbrot og lav sosial status framtår som lite begava.

Advertisements