Eg skal skrive ein utførleg synopsis med alt som skal skje. Den der tjuesiderssaken min er jo meir ei skisse, no skal det ned på papiret/skjermen kva som skal skje i kvart kapittel i heile boka.

Eg forsøker å sette det opp i ein tabell, der eg skriv kort kva handlinga er i kvart kapittel, og ved sida av skriv eg kva informasjon eg vil gje lesaren i same kapittel.

Det er sikkert lurt, men eg blir rastlaus og gal og får flashback frå tekstanalyse på gymnaset. Men det må gjerast, trur eg. No vert verkeleg sjølvdisiplinen sett på prøve her.

Advertisements