I dag har eg litt feber (jo, eg har! 37 grader under armen er ordentleg feber!) og då passar det bra å snakke om temperaturar og folk og slikt.

Eg er oppdratt i ein heim der far min likte å ha det varmt, mens mor mi likte å ha det kaldt. På dagtid fann dei eit kompromiss (eg syns i alle fall ikkje dei hadde det for varmt). På natta veit eg dei aldri blei samde. Ikkje er blitt samde. Dei diskuterer det ved middagsbordet framleis.
– Korleis kan du orke å sove i det varme rommet? Eg ligg og vrir meg og blir sprø!
– Eg blir sjuk om eg skal sove i den trekken!
No nyttar eg utropsteikn for å illustrere kor viktig dette er for dei. Om ikkje lesarkrinsen min hadde enkelte sarte hydrologar og slikt, hadde eg nytta caps lock.

Far min vann ikkje berre kampen om det lukka soveromsvindauga. Genene hans viste seg også å vere dominante. Eg fyrer heile året, lukkar dører og har ullsokkar på. No, til dømes, har eg fyrt i ovnen, eg har ullgenser og ullsokkar og syns framleis det er på grensen til utriveleg her.

På fredag var me på besøk hos bror min. Svigerinna mi kunne fortelje at han er så redd trekk at han er blitt haspenazi (må ikkje forvekslast med askenazi, noko han faktisk også er på eit vis). Haspar som ikkje er skikkeleg lukka, og då meiner me skikkeleg, vert avslørt på trekkradaren med det same han kjem inn i rommet.

Eg gifta meg med ein som likar å ha det skikkeleg varmt. Varmt i stova, varmt på soverommet, varmt overalt.
Slik tenkte eg at ekteskapet mitt skulle bli harmonisk og eg skulle få eit lukkeleg liv utan krangling i caps lock over middagen.
Det har gått veldig fint.

Men så viste det seg at trass dobbelt sett frysepinngener, har me fått veldig varmblodige born.

Når eg har det passe fint i ullgenseren, sit ungane i underbuksa og har svetteperler på dei små, raude nasene.
Bummer.

Advertisements