No på fredag vert alle oppfordra til å delta ei ei fredeleg, verdsomspennande og stille demonstrasjon i sympati med folket i Burma.

Ta på deg ei raud t-skjorte, det er alt.

Militærregimet i Burma har vore omsynslause på mange måtar, men viser samstundes ein viss respekt for symbolske og fredelege demonstrasjonar.
Dessutan vert det litt fint å sjå alle dei raude kleda på fredag og vite at folk bryr seg.

For ikkje å snakke om at ein vert i betre humør av å bytte ut den svarte poloen eller den kvite skjorta.

Oppdatering torsdag 27.09.07 kl.12.30: 20 000 mennesker sitter og synger, mens soldatar står rundt og peiker på dei med våpen. Dei har fått beskjed om at vert dei sittande, vert dei drept. Tenk  å sitte der og synge og vite det.

aung-san-suu-kyi.jpg

Aung San Suu Kyi vart demokratisk valgt som leiar i Burma i 1980. Ho har vore i husarrest sidan eit år før valget dengong. Ho er no 62 år gammal, og har tilbrakt store deler av dei siste 18 åra i fengsel og husarrest. Ho fekk ikkje komme til Noreg for å motta Nobels fredspris som ho fekk i 1991.

Les meir på Wikipedia.
Og hugs raudt på fredag.

Reklamer