Det må ha vore i dag.

Eg kjøpte meg ei bålsteikepanne i dag (lukke kan kjøpast!), og etter ein del om og men vart ungane med meg til skogs. Inne ved vatnet laga me bål, og mens ungane kasta steinar i vatnet og bygga seg små Blairwitch-varder av pinnar og småstein steikte eg pannekaker. Sola varma skikkeleg, det var blikkstilt og røyken steig rett opp.

Om eg ikkje hadde vore slik ein knøl skulle eg ha vist bileter. Men eg får dei liksom ikkje frå mobilen og over på blåggen.

De får berre tru meg. Den finaste haustdagen var i dag.

Advertisements