Erkjenninga først: Eg er heilt idiot når det kjem til økonomi. Eg blir sur og det er til å grine av.

Bakgrunn: Det opprinnelege prinsippet som fungerte så bra i alle åra før eg blei del av Familien Avil og Manden + Avkom AS, funkar ikkje lenger. Då var det enkelt: Tjene pengar, og bruke mindre enn eg hadde på konto. Hadde eg mindre enn 2000,- på kontoen vart det erklært krisetilstand og då skulle uteståande gjeld hos vener inndrivast, og det var berre macaroni til middag. Dette gjekk bra. I årevis. (Her er eg i tvil om dette med behov for caps lock og utropsteikn igjen. Eg går derfor for den suggererande gjentakinga: I årevis.)
Familien AoM+A AS er ein annan butikk.
Det er Faste utgifter, eit uoverskueleg og uforståeleg konsept som det er komplett umogleg for meg å komme nærare inn på
Det er Løpande utgifter, som i følge mannen min skulle vere fullt ut mogleg å rekne ut. Noko han derfor har gjort. Dette er størrelsar heilt på linje med cosinus og sannsynlighetsutrekning, som var avgjerande då eg strauk i matematikk i tredje klasse på gymnaset. Slik eg husker det. I følge psykologane (dei forskande av dei = dei som forstår seg på matematikk), er det slik at folk husker betre oppgåver dei ikkje har fått fullføre eller har klart å løyse. Takk cortex, for at eg aldri skal gløyme at eg ikkje meistrar høgare matematikk.

Attende til økonomi. For økonomi er altså matematikk. Men ikkje berre. Hadde det no vore så enkelt. Då kunne mannen min ha rekna litt på det, og så kunne eg ha sluppe å hatt noko med det å gjere. Me er kritisk rurale når det gjeld evner og oppgåver her i huset. Han forstår ikkje korleis ein vaskar badet (er det verkeleg nokon som trur på det?) og eg forstår ikkje matematikk.
Dette skuldast forskjellar i utdanning:
Eg har vore på kurs hos Århus Kommune sitt «sosial stønad for sosiale ytingar»-program, der eg fekk ei vekes kurs i vasketeori mot ei veke på sosial stønad. Dette skulle munne ut i at eg anten vaska heime hos eldre folk for sosial stønad, eller at eg sa frå meg begge deler. Eg valgte sjølvsagt det siste. Anna skulle tatt seg ut.
Og mannen min har teke matematikk og fysikk på universitetet, så han kan rekne.

Men økonomi inneber altså også ein del praktiske oppgåver. Eg treng ikkje forklare, for dette er så enkelt at sjølv eg forstår det, og då forstår alle det. Altså dette med å shoppe. Og arbeid. Slike ting.
Me dveler ikkje ved banalitetar her.

Me går rett på sakens ømme kjerne: Bankvesenet. Meir spesifikt: Nettbanken.

Eg har hatt Sparebanken som bank sidan Bergen Bank nekta meg eit forskot på studielånet mitt i 1992. Eg og Sparebanken har hatt eit kjølig forhold sidan 1994, då dei nekta å gje meg nytt VISA-kort då eg budde i Israel og nokon stal kortet mitt. Først kjølig frå mi side, og sidan også frå deira side, sidan VISA international ga meg pengar å leve for som dei forlangte at Sparebanken skulle dekke sidan dei hadde vore så dritkjipe. Men eg har halde ut.
Til og med etter Sparebanken nekta å gje oss eit anstendig rentenivå på billån (2001) og huslån (2002) har eg halde ut. Berre eg, for etter dette har mannen min og låna og alt konvertert til Fokus bank.

Men eg og pengane mine er framleis hos Sparebanken.
Sjølv om mannen min to gonger har dratt meg med til møte hos Fokus bank, der to bankrådgjevarar har servert kaffi og kjeks og teikna og forklart kvifor eg burde få lønna mi inn på den brillefine kontoen eg har i Fokus bank.

Ja, eg har konto der også. Som eg ikkje brukar.

Og kvifor alt dette forbanna rotet?
Fordi eg ikkje forstår nettbanken deira.

Eg har halde meg hos ein ukul bank som ikkje vil gje meg lån og som ikkje vil gje meg VISA-kort når eg døyr ihjel i utlendighet, og som ikkje serverer verken kaffi eller kjeks.
Berre fordi eg ikkje klarar å sette meg inn i det forbanna nettbanksystemet til Fokus bank.

NEI, DET HJELPER IKKJE AT DU SEIER DET ER ENKELT!
DET ER IKKJE LETT FOR MEG!

(når eg bruker både caps lock og utropsteikn, syns eg lesarane skal forstå det som The Voice of God, eventuelt at eg snakkar som Owen Meany).

Men kva har skjedd no?

Sparebanken har skifta ut det einaste systemet i heile verda som eg forsto. Med eit nytt. Som eg ikkje forstår. Og no får eg purringar frå Haugen Bok og anar ikkje kva eg har på kontoen. Eg er ute i ei økonomisk og emosjonell hengemyr. Eg er pariakaste. Eg er utstøtt frå den monetære samfunn.

Eg kjem ikkje inn på nettbanken.
Faens møkk.

Reklamer