Mona har bedt så fint, og sidan ho er så rørande ny i blåggebyen og skriv så fint, så får eg heller delta i eit meme. Dessutan har Goodwill spurt om det same. Og når to slike godlyndte sjeler set dei nydelege augene i deg, kan du liksom ikkje vere surmaga og seie nei.
Eg skal skrive ned sju ting eg likar ved meg sjølv.

1. Eg syns eg er morsom. Sjølv når ingen ler av det eg seier klarar eg å tru på at eg er morsom. Det ser eg på som ein slags positiv eigenskap. For meg, altså.

2. Eg engasjerer meg. Ikkje i alt, men i mykje.

3. Eg har ein viss impulskontroll.

4. Eg er empatisk.

5. Eg kan lese og skrive.

6. Trass i at eg er grusomt lat og elskat mat, er eg ikkje jævleg tjukk. Det forundrar og imponerer meg. Eg meiner det vitnar om sjølvkontroll og karakterstyrke. Sjølv om eg ikkje akkurat er sprek heller då. Det hadde nesten vore sjukt og naturstridig.

7. Eg har fått vite at eg er kreativ og modig. Eg håper det er sant, for no treng eg begge deler.

Det er mogleg at dette memet har vore kloden rundt allereie. Men om det ikkje har, så syns eg Linetten, Raketten og Flopsien skal dele sine sju med oss.

Reklamer