Ikkje sakleg og særleg femininI går vart eg i ein diskusjon om ordet «jentete» minna om dei gangene eg er blitt skulda for å vere maskulin.
Det pleier å skje eit stykke ut i sånne diskusjonar, der folk sit og snakkar om kva det vil seie å vere feminin og maskulin.
Det pleier å høyrest sånn ut:

«Du, Avil, for eksempel. Du er jo ikkje sånn feminin».
«Huh?»
«Ja, altså typen, eg meiner, personlegdommen. Måten du snakkar på, eller, nei, måten du diskuterer på.»

Det pleier å ende med at eg:
1. Er lei meg fordi nokon seier eg ikkje er feminin.
2. Er forbanna fordi vedkommande meiner at det å kunne diskutere sakleg, eller å kunne fortelle skikkelege røvarhistoriar i fylla, eller det å ha eit nøkternt forhold til sex, er forbeholdt menn.

Og uansett korleis dei argumenterer kokar det jo ned til at det er positive eigenskapar dei meiner eg har, som altså då ikkje er feminine.

Dersom det å vere sakleg vert omtala som ein maskulin eigenskap, skal ein jo vere temmeleg trygg på seg sjølv som jente for å tørre å vise seg sakleg overfor menn.
Eg har mange gonger, særleg då eg var yngre, sett jenter som var saklege, morsomme og viljesterke i diskusjonar der det berre var venninner bli til tomhjerna og lettpåverkelege hønsehovud om det var ein mann der. Og då ikkje nødvendigvis ein attraktiv mann. Berre ein mann.
For mange kvinner er det verkeleg viktig å vere attraktiv. Feminin er det same som attraktiv om ein er dame. Det er derfor temmeleg skrekkeleg å bli kalt maskulin.

Ved å klassifisere sentrale og avgjerande eigenskapar for å bli tatt seriøst, å lukkast i arbeidslivet og å vere sjef i eige liv (som i seg sjølve ikkje har noko med kjønn å gjere) som maskuline, driv ein i mine auge per definisjon med kvinneundertrykking.
Mange kvinner gjer dette, og eg pleier å fortelle dei kva eg meiner.
Sist eg prøvde meg blei eg kasta ut av ein blogg for alltid.
Men å bli oppdratt og sosialt påverka av andre kvinner til å vere «feminin» kan få alvorlege følger.

Ikkje sakleg og veldig feminint

Advertisements