Eg ser det slik at du i hovudsak kan velge to måtar å sette grenser på når du kjenner deg intimidert i andres påhør (trakka på, fornærma, velg sjølv).

1. Svare for deg utan publikum.

2. Svare for deg med publikum.

Implisitt forutsatt i dette er at du er i stand til å gjenkjenne kva kjensler som vert sett i sving hos deg sjølve, likevel klarar å bevare ein viss ro, kan ordlegge deg presist og tydeleg, er istand til å adressere problemet, samt at du har sjølvtillit og autoritet nok til å sette naudsynte grenser.

Ad. 1: Ved å trekke vedkommande til side og ta opp problemet på tomannshand (tokvinneshand, epost, msn, PM, telefon, velg sjølv) skapar du ein ramme der den fornærmande part har mulighet til å lytte, ta inn over seg din versjon, og vil kunne reflektere over dette, komme deg i møte og sjå saka frå di side. Dette forutset framleis at begge partar evner denne type kommunikasjon i det heile tatt. Men utfrå desse forutsetnadene seier det seg sjølv at dersom du ønsker at motparten skal innsjå kva h*n gjorde med deg og mot deg, gje deg ein unnskyldning og endre sin oppførsel, skapar du dei beste rammene for dette ved å ta det opp på ein arena der vedkommande får ro og rom til å gjere dette.

Ad 2: Ved å svare i det store rommet, som gjerne også er arenaen der fornærmelsen først tok stad, har du mulighet til å kommunisere til publikum kvar du har grensene dine. Den du kjente deg fornærma av vil sannsynlegvis oppleve motsvaret ditt tilsvarande fornærmande, og med den store gruppa som publikum vil rammene ligge til rette for oppleving av angrep, opplevd konflikt og den opprinnelege (av deg opplevde) angripar vil oppfatte seg som angripen og gå i forsvar. Det kan sjølvsagt, i tillegg til den offentlege publiseringa av dine eigne grenser, vere eit hevnmotiv, og ein hierarkisk kamp om å kven som best kan gruse kven med publikum. Då får du både kommunisert at du har grenser, og at det er verst for den som utfordrar desse grensene. Etter dette vil du kan hende vere i fred for andre i liknande saker, utan at dette seier så mykje om korvidt du fekk endra nokon sine haldningar eller auka nokon si grunnleggande forståing.

Slik eg ser det er metode 1 den beste måten å løyse ein konflikt på dersom du ønsker å fortsette å ha ein god relasjon til den du opplever har fornærma deg.

Dersom du derimot har eit distansert forhold til vedkommande kan metode 2 vere utmerka, dersom du er villig til å ofre relasjonen til vedkommande for å markere grensene dine offentleg.

Risikoen ved å ofte nytte metode 1, er dels at du må ta den samme runden med kvar einaste person, sidan du ikkje får flagga grensene dine tilstrekkeleg i det større sosiale rommet. Vidare kan offentleg grensesetting vere eit signal til andre om at det er greit å sette grenser, og kvar desse grensene kan vere. Slik vert grensesettinga i offentleg rom også ein del av ein offentleg diskurs kring grensesetting, samt ei solidarisk handling. Ved å ta alt»på kammerset» vil ikkje dine mindre sjølvsikre kollegaer vite kvar andre set grensene, og du vil ikkje hjelpe andre ved å nytte din autoritet i det sosiale rommet.

Risikoen ved å ofte nytte metode 2 er at ein skubber folk frå seg, ein går ikkje inn i ein refleksiv dialog, og ein vil etterkvart bli mindre utfordra på eigne grenser. Ein mister muligheten til å endre andre enkeltindivid sine haldningar på eit djupare nivå gjennom felles forståing av kva som skjedde og kva den andre gjer med deg ved sine handlingar. I tillegg kan ein risikere å bli oppfatta som eit ubehageleg menneske.

Ha ein god dag.

Advertisements