Rabbagast feirer halvtårsdagen til blåggen sin i dag, og ber andre blåggarar skrive om Det gode liv.

Eg har hatt overskrifta liggande i draft på blåggen min ei tid, men dette er ei av dei vanskelegaste postane eg har nokonsinne har skrive. For det rører ved kven eg er, kva draumane mine var, kva livet mitt er blitt og kva eg no set mest pris på.

Eg er eit uroleg menneske.
Fysisk lat og sjeleleg uroleg.

Eg har tenkt at det ville vore eit betre liv å vore annleis. At folk som spring i skogen kvar dag og legg seg kvar kveld med ro i hjernen har betre liv. Men eg er meg.
Eg har ei uroleg sjel.
Men eg har også lært meg å ta viktige valg med hovudet, og ikkje uroen.

Og no er eg her. Der eg ville. Med den beste mannen, dei mest fantastiske ungane, den kulaste utdanninga og eg hadde draumejobben. No har eg til og med sagt opp draumejobben og får lov å skrive bok, noko eg også har ønska meg.

Men eg er meg. Og uroen i sjela mi er den samme.

Det fins ikkje noko som slukke den tørsten.
Eg har dei siste åra tenkt at det gode livet for meg er å leve med den tørsten som drivkraft, framfor å tru at den kan slukkast.

Samstundes vert det ei akademisk øving i sjølvkontroll. Noko eg kan. Gjer. Har gjort så lenge eg kan huske.

Denne sugande kjensla øverst i magen er ein del av meg. Når eg ikkje har fokus på den, men ser ikring meg, ser eg eit veldig godt liv. Det beste eg kunne ønske meg.

Eit godt liv er ikkje eit roleg liv for meg. Men å vere på veg, engasjere meg, endre, røre ved.
Eit godt liv for meg er dynamikken mellom uro og ro, aktivitet og refleksjon, sorg og glede.

Takk, Rabbagast, for utfordringa. Gratulerer med halvtårsblågg.

Advertisements