Dei klåre, fine haustdagane har invitert meg ut i hagen til å flytte stauder og sette lauk.
Som barn las eg Den sorte tulipan og den gjorde uutsletteleg inntrykk. Frå eg fann Cornelius van Baerle i det usle fangeholet, utsett for grov urett og intriger i kampen om å dyrke fram den perfekte svarte tulipan, har eg alltid tenkt på svarte tulipanar som nærast magiske. I går satte eg over hundre tulipanlauk, som kjem til å stå ranke og stolte kring spirande hortensia og bronseraud rodgersia.
I dag har eg kjøpt neglelakk og leppestift, og sit her og kjenner meg aldeles glamorøs.

Reklamer