Årets Nobelpris i litteratur gjekk til Doris Lessing. Ho er ein fantastisk skribent som ikkje har vore korkje sjangerskremt eller bunden av finkulturelle eller politiske konvensjonar, ei klok, uredd dame som har skrive bøker som har gjeve oss bokopplevingar, boksorger og bokforelskingar.
Ho har skrive bøker som har vist varme, innsikt og ei fantastisk innleving i alt frå korleis husokkupantar og lesbiske har det, og korleis det er å vekse opp som innvandrar, til fabellitteratur (SF/fantasy) og Den Store Forteljinga.

Stor jubel for nobelprisvinnaren 2007!

Reklamer