Telenor har sendt meg ein bitteliten pakke. Inni er det reklame, og den består mellom anna av ein bunke fiffige kort. Eg skulle til å kaste det i omnen, men jentungen fann ut at det var puslespel på eine sida. Då ho var ferdig med å pusle, ville ho lese på korta. Vel, konseptet er «Her er noen tips i de tilfeller der samtalen stopper litt opp eller du ikke kommer på noe å snakke om».

Eg siterer ordrett:

  • «Følelser (nb! Gjelder ikke menn)»
  • «Fotball (nb! Gjelder ikke kvinner)»
  • «Jobb (nb! Gjelder ikke kvinner m.m det gjelder følelser)»
  • «Bil (nb! Gjelder ikke kvinner)»

Jaha. Mannen min las to av korta høgt for ho, og så lurte jentungen litt på kvifor kvinner ikkje får snakke om fotball eller jobb. Sidan dei damene ho kjenner helst snakkar om jobb, og ho sjølv speler fotball. Omlag på det tidspunktet inndro eg korta og las gjennom dei sjølv.

No skal dei i peisen.

Dette er svært, svært pinleg, Telenor.

Advertisements