Me fekk nokre sjølvklebande bondage-band i gåve frå vener for ei tid sidan. Det er ikkje heilt vår greie, men den praktiske mannen min har oppbevart dei på verkstaden, «de har flere gode egenskaber og vil nok komme til nytte.»

I går kveld kom me heim frå IKEA med flatpakka garderobeskåp, og dansken sto for utpakking og sikring av anleggsområdet.

I dag morges sto ungane opp før oss og såg barnetv. I alle fall trudde me dei såg barnetv. Den minste viste seg å gjere på andre ting.
Han hadde mellom anna sett ein kulørt 40-vask over på 95 grader. Han hadde også funne fram papirkniv og skåre over eit par av dei glinsande svarte bonage-banda som faren hadde knytta kring garderobeskåpdørene.

No meiner ungen at desse svarte, brillefine latex-banda ikkje kan kastast.

Eg syns treåringen byrjar likne skremmande mykje på faren. Mykje praktisk initiativ knytta til lite verbal formidling, og med eit handverkarblikk på allslags utstyr.

Advertisements