Eg tok ein gong for mange år sidan eit fag i draumeforskning. Så eg veit ordet er brukt frå før, til anna enn dette. Men det er likevel det mest dekkande ordet.

I dag morges vakna eg langsamt gjennom ord og setningar.
«Erindringskvalitet» var det første ordet.
«Draumar er scenar som ikkje genererer kjensler, men som vert produsert samstundes og uavhengig av dei kjenslene som vert opplevd tilhøyrande scenene.»
«Derfor har ikkje draumar erindringskvalitet.»
«Slik kan ein forstå kvifor ein ikkje husker draumescenar med tilsynelatande tilknytta sterke emosjonar»
«Noko som vert opplevd forvirrande, då ein er van med å huske opplevingar som gjer sterkt inntrykk»

Eg steig nesten heilt vaken gjennom den nest siste setningen. Den siste vart utforma med same innsats som ein tenker heilt vakne tankar.

Då eg var heilt vaken tenkte eg at eg hadde metadrøymt.

Advertisements