Når folk har jobba i årevis for å få til eit produkt, og gjerne har fått mykje hjelp av andre både teknisk, innhaldsmessig, til research, gjennomarbeiding og ferdigstilling av verket, er det naturleg å ville takke alle dei som letta arbeidsprosessen og var med til å gjere det ferdige verket mogleg.
Musikarar gjer det, filmprodusentar, alle som har eit talerøyr der dei kan få sagt «hey, tusen takk for hjelpa, alle saman!» plar vel bruke det.

Høfleg, vil eg kalle slikt.
Og gjerne også ein sjanse til å dele gleda, stoltheten over å bli ferdig, og ha fått til noko kult og verdig.

Men romanforfattarar skal ikkje stikke seg fram, meiner blåggaren bak Her bor jeg.
Ingen vil vel vite noko om forfattarar, kven dei har fått hjelp av, kva som ligg bak av innsats, støtte og arbeid.

«Jeg synes alt dette er snikksnakk og bullshit og jeg synes det er trist hvis disse tingene er tegn på at romanen ikke er fornøyd med bare å være roman lenger,» skriv han.

Eg berre undrar meg.

Advertisements