[no er dette i ferd med å utvikle seg til å bli ein surblågg, ikkje ulik Dagens klage i lokalavisa]

Mellom Stavanger og Bergen går ein veg. Det er ein del vatn på den vegen, men fergene vert like fullt rekna som ein del av kyststamvegen mellom vestlandets største byar. Ingen likar at vegen har ein bom som står i vegen for fri ferdsel fleire timar i slengen, men vestlendingar har fergerutene i blodet. Eller hadde. For opplegget fungerer berre om fergeselskapa gjer det.

Den lengste fergeruta på vegen er mellom Sandvikvåg og Halhjem. Litt vel langt å bygge bru eller tunnel akkurat der, og dessutan kan 50 minuttar på ei ferge vere omlag den kvilen og matpausen ein kan tåle.

Det var 50 minuttar, i alle fall. Fram til første januar i år. Då skulle me få gassferger. Eit sinnssjukt dyrt opplegg, med utbygging av splitter nye kaianlegg på begge sider. Men det skulle vere verdt det, for no skulle alt gå så mykje raskare. Viktig, det, syns politikarane.

Då ideen om gassferger vart lansert var det snakk om å kutte overfartstida frå 50 til 30 minuttar.
Men noko skjedde i anbodsrunden. For Fjord1 kom på banen med eit forslag var billegare, men med 40 minuttars overfart.
Allereie då var me mange som undra oss.

Så kom den store dagen, då gassfergene skulle overta.
Sidan har det vore frustrasjonar på stripe:

1. Fergene går ikkje når dei skal. Det hender ikkje sjeldan at kvar tredje avgang vert avlyst, då dei til stadighet har ei ferge til reparasjon og ikkje set inn ekstraferger.

Kva er poenget med å spare ti minuttar på overfarten når du ganske ofte risikerer å vente ein halv time på fergeleiet?

2. Dei har innført betaling ved ei billettbu på land, der alle bilistane må stå i kø og betale før dei får køyre ombord.

Kva er poenget med å spare ti minuttar på overfarten når du må køyre heimefrå 10 minuttar tidlegare for å ikkje risikere å bli ståande i billettkø?

For deg som ikkje bur her: Heile mitt liv har me køyrd heimefrå slik at me akkurat rakk ferga. Både fergerutene og tida det tek å komme dit sit i ryggmarg og blod på oss som bur langs E39. Dette er kvardagen vår, for pendlarar, for folk som har familien på kvar si side av ei fergerute osb. På same måte som Oslofolket reknar med rushtrafikken, rekner me med fergene våre. Dei er ein del av vegen.

I tillegg til desse to punkta som gjer heile utbygginga og overgangen til gassferger fullstendig overflødig kjem følgande mindre innvendingar mot Fjord1:

3. Det er jævleg kaldt ombord. 40 minuttar i ein iskald salong er ikkje noko særleg.

4. Kaffien er sinnssjukt dyr.

Punkt 3. og 4. heng konspiratorisk saman, dei reknar sikkert med at folk må kjøpe kaffi før dei frys ihjel.

Og punkt 2., 3. og 4. demonstrerer kva Fjord1 er: Eit gnitaselskap. For dei kunne fortsatt å la folk køyre direkte ombord rett før ferga la frå kai og teke betaling ombord, men då måtte dei jo hatt to mann i omløp for å selge billetar. Og dei kunne skrudd opp varmen, og dei kunne solgt dei elendige maskinkaffien sin til normal pris.

Fjord1, dra heimatt der de kom frå. Me vil ha HSD attende.

Advertisements