Inne på Forfatterbloggen fann eg ein blåggpost om slike heltar som blir verande i folk sin bevissthet. Heltar som vert huska sjølv etter at forfattaren er gløymt, heltar som er større og meir varige enn bøkene dei sto i.

[Her hoppar me elegant over dette med at slike heltar som eksisterer uavhengig av bøkene, tydelegvis ofte har eit liv på film eller fjernsyn]
Eg hang meg opp i dette med heltar. For kva heltar sit eigentleg att i meg? Kven gjorde slik inntrykk på meg at eg framleis blir varm og rørt og imponert ved tanken på dei?
Mi liste over fantastiske heltar:

  1. Riddaren Lancelot, altså Lancelot i The Fionavar Tapestry, ikkje han duste-lancelotten i Avalon. Ein fantastisk helt. Så inderleg god at sjølv den hatefulle skogen hedrar han. Eg grin berre eg tenker på det.
  2. Persevs. Skjønne guten, som opnar seg audmjukt og interessert i den hjelpa andre har å tilby, som ein guddommeleg Askeladd, møter dei verste redslar og farer, men gjev ikkje opp. Og alt saman fordi han er så glad i mammen sin. *snufs*
  3. Iorek Byrnison. Det fins knapt noko kulare enn ein panserbjørn. Utan menneskelege kjensler, berre metall, pels, musklar, instinkt og intelligens. Heilt konge. Og så denne forfylla, detroniserte Iorek, som viser seg å vere den mest lojale og anstendige av alle vesen. Eg grin litt til, eg.

[Eg kjem kan hende attende med ei heltinneliste. Og ein filmhelt-liste.]

No er eg nysgjerrig på kva litterære heltar som verkeleg har gjort mest inntrykk på deg?
Og følgande kan gjerne oppfatte seg som tagga: Sauegjetaren, Nissemannen, Hjorten, Margarita og Cassandra.

Reklamer