Langfredag 23 april 1014 møttes hærene ved Clontarfs fiskever rett nord for Dublin. Meir enn tjue tusen mann sto på kvar side. Dei små irane som hadde styrken sin i uventa angrep, var utan rustningar, og kjempa i mønstra skjorter, med skjold og sverd. Irske krønikeskrivarar skildrar med skrekkblanda beundring vikingane sine våpen og rustningar: «piler dyppa i drageblod, skarpe sverd og gjennomborande spyd, og brynjer av tredobbelt, bøyeleg stål eller av kald, aldri rustande messing». På begge sider var heile hæren til fots.

Før sjølve slaget sto ein tvekamp mellom ein viking og ein av Brians menn. Kvelden i forvegen hadde Platt, vikinganes tapre helt, lik kjempane ved Troja, trådt fram foran rekkene og ropt at ingen mann i Erin kunne måle seg med han. Skotten Domnall svarar at han ikkje var redd.
Om morgonen huska dei begge sine ord.
Platt trådte fram og ropte «Kvar er Domnall?»
«Her er eg, din niding,» svara han.
Så begynte dei å slåss og falt tilslutt gjennombora av kvarandre sine sverd, og med den eines hår filtra inn i den andres hand.

Kampen mellom hærane rasa heile dagen. Sverdene kvein gjennom luft og kroppar, og brynjene blinka i sola. Det såg ut som når ei mengd haustfolk skjærer ein havreåker. Kong Sigtryg Silkeskjegg sto i borgtårnet med kona si, dotter av kong Brian.
«Vikingane haustar marken vel, mangt eit nek kastar dei tilside,» sa han overmodig til sin hustru.
«Ved aftentid skal dagen kjennast,» svara ho.

Kong Brian var ein gammal mann på over åtti år, og hald seg utanfor kampen. Som så mange irske kongar var han også prest, og la seg på kne eit stykke utanfor valen. sang salmer og ba til Herren om seier.
Mens han ba høyrde dei ein voldsom larm, det var nakne, blåfarga vikingar som kom gjennom skogen, ført av Broder, ein tidlegare kristen viking som no var falle attende til gamletrua og både blota og var trolldomskunnig.
Dei ensa ikkje den knelande gamlingen og gjekk forbi, heilt til ein av følgessvennane til Broder ropte «King, king! Det er kongen!».
«Nei, prest, prest, det er berre ein prest!» svara Broder.
Men mennene hans hadde gjenkjent kong Brian. Då løfta Broder øksa og kløyvde Brians panne.

Slaget begynte ved flo om morgonen, og varte til tidevatnet igjen var på sitt høgaste. Til sist fekk irane avskore vikingane, som flykta ut i havet.
Brians datter og kong Sigtrygg sto atter i tårnet.

«For meg ser det ut til at vikingane har vunne sitt arvelodd,» kommenterte ho hånleg.
«Kva meiner du, kvinne,» spurte Sigtrygg.
«Dei framande søker til havet, sin fedrene arv. Heden jagar kvegflokken til havs, men den vil nok bli melka.»
Kongen blei harm og ga ho eit slag over munnen så ei tann fall ut.

Slik enda Brianslaget. Seks tusen lå falne av nordboarane og deira allierte, og mest like mange på Brian og irane si side.
Nesten ingen av høvdingane overlevde.
Brianslaget kom i både irsk og nordisk historie til å bli ståande som den avgjerande kampen om herredømet i Erin.

Advertisements