Eg har tidlegare vore inne på Maslows behovspyramide her på blåggen. Eit meisterverk av eit makkverk som har sett seg fast som ei sanning innan dei kortare utdanningane innan helse og omsorg.

Det viser seg imidlertid gong på gong at mennesket er skrudd annleis saman enn at me vil ha brød først. Me vil heller ha fridom.
Me vil heller vere herre i eige fattige hus enn å vere mette i fengsel.liten-terrorist.jpg

Det er ikkje berre dei lågare læreanstaltane som slit med å sjå forbi mytane om magen som viktigare enn sjela. Politikarane våre har også stor tru på at mat i magen vil få terroristane til å legge ned våpen.
Bullshit, seier forskarane.
Les bevisføringa i Morgenbladet.

Reklamer