Farmor mi er eldre enn Doris Lessing. Ho har klaga over smaklaus og dårleg mat dei siste åra. Vel, sånn går det når ein blir gammal, har eg tenkt.

– Kålrabien er ikkje som før! Den er svampete og mjuk og stappa blir ikkje god, har ho klaga.
– Det tek like lang tid å koke desse gulrøtene som det tek å koke poteter. Det er rett og slett noko i vegen med dei!

Farmor mi er oppvaksen på gard, og har alltid laga utmerka tradisjonell mat. Det nyttar ikkje å lure henne med utvatna pølser eller kjøpepotetekaker.
Likevel har eg altså tenkt at det var alderen.

Det viste seg å vere kunstgjødselen.
For no har ho  kjøpt økologiske grønsaker.

– Sjå denne kålrabien! Sjå kor gul og fin han er. Og knallhard, og god på smak. Sjå skalet, det må skjærast av. Slik det skal vere. Den kålrabien me har fått kjøpt dei siste ti åra har jo nesten vore laus i skalet. Men sjå på dette!

Så sist me var på besøk fekk me servert utelukkande økologiske grønsaker. Gulrøtter som mørnar fort og smakar slik gulrøter smakte heime på garden i Kvinnherad for åtti år sidan.

I går kjøpte eg berre økologisk. Rett smak på maten er ein del av barneoppdraginga. Dei skal vite kva gulrøtter eigentleg skal smake. Det vart litt dyrare. Men du verda så godt smøret var på egget i dag.

Reklamer