Eg er ikkje oppvaksen i ein litterær heim.
Men det mangla ikkje på bøker.

Ein skal ikkje langt tilbake i slekta mi før ein finn skikkelege arbeidsfolk. Eg har tidlegare kalla meg arbeiderklassens akademikarbarn, men det var vel helst foreldra mine som tok den omtala klassereisa.

Sjølv vaks eg opp med bøker i stova og politiske diskusjonar over middagsbordet. Far min var venstremann og demonstrerte mot apartheid og for miljøvern, mens mor mi deltok i kvinnegrupper (der ho ifølge familiemytologien vart mobba for å ikkje ha hatt lesbiske erfaringar), og heile familien stilte samla i demonstrasjonstog mot atomvåpen. Den smilande gule atomsola som framleis pyntar ein av husfasadane i Århus gjer meg litt lukkeleg.

Bokklubbøkene på nattbordet og dei evige kranglane om sosialt engasjement, tungindustri, miljø og feminisme over middagsbordet gjorde noko med meg.
Eg innbiller meg at resultatet hadde vore annleis om foreldra mine kom frå gamle akademikarfamiliar. Om dei hadde lese Til min Gyldenlak for meg på sengekanten då eg var tre år. Om dei hadde hatt fokuset på litteraturen aleine.

For eg vaks ikkje opp i ein litterær heim. Eg vaks opp med avisbunkar og meiningar. Eg forsto det slik at kvar og ein av oss vert forventa å delta.
Koplinga mellom litteratur og samfunnsengasjement var ikkje openberr.

Bøkene opplevdes ikkje som eit fellesprosjekt. For då, og berre då, var mor mi utilgjengeleg. Å lese bøker var noko ho gjorde aleine, lukka inne i seg sjølv, for seg sjølv.
Å lese var det mest private ein kunne gjere med andre tilstades.

Seinare har eg forstått at nokre av dei bøkene foreldra mine las hadde samanheng emd engasjementet deira i resten av verda.
Og eg har møtt mennesker som snakkar om bøker, og omtalar litteratur som ein sjølvsagt del av det sosiale fellesskapet, politikken og det felles engasjementet.

For meg er likevel bøker svært private.
Framleis.
Eg har funne min rytme i dynamikken mellom sosialt engasjement og sosial tilbaketrekking til private litterære opplevingar.

Kan hende ville det vore annleis om barndomsheimen min hadde vore annleis innretta.

Kan hende er politiske romanar skrive av folk som har vakse opp med ein annan type kulturmøblement.

Advertisements