Eg brukar veske. Men det er fordi eg blir tvungen til det.

Kvinneyttertøy er nemleg laga slik at foret går i stykker om du har nøklar i lommene, og det er ikkje plass til lommebok (og endå mindre spansk pengepung, som eg har).
Kvinnebukser er laga slik at lommene knapt nok har plass til ein tikroning, og skjørt latar ikkje eingong som om det har oppbevaringsplass.

Så: Eg brukar veske.

Men kvinnekroppen er laga slik at skuldrene ikkje er svært breie eller har praktiske buleanretningar til å hekte vesker på.

Er det nokon som ikkje burde bruke veske, er det jo oss.

Då er me attende ved høghæla sko.
Og nylonstrømpebukser.
Og bh-ar.
Og underbukser med blonder.

Heilt ærleg.

Menneskerettighetsdomstolen burde sjå litt på kvinner sin kvardag.
I Noreg i dag.

Oppfølging: Sjå kva som skjer om du freistar vere praktisk. 

Advertisements