Blåggen står ikkje akkurat i sentrum for tida, nettlivet blir ei hovudlaus sveiping over andre sine blåggar, fjesboka, epostar, innom eit forum, og så svosj ut igjen.

«Kor langt er du kommen med skrivinga?» spør folk. Sikkert for å vere høflege. Takk for det. Eg likar at folk spør. Men eg skjønar at dei ikkje forventar utfyllande svar.
Det er annleis med blåggen. Her skriv eg jo kva eg vil.

Så: Her er dagens vitale mål.

Eg har framleis ein del anekdotar og avsnitt som heng laust i eigne filar. Men det samla dokumentet er blitt 133 sider, halvanna linjeavstand. Det blir 43000 ord, som i følge Belmotte sine lenker blir omlag 170 boksider.

Eg er veldig glad for at eg ikkje bur i Amerika. Der er det visst berre etablerte forfattarar som får breie seg og lage mursteinar. For dette ser ut til å bli langt.
Men det kan jo kuttast opp.
Då fell vel forventningane endå meir. Fantasy i fleire deler. Det høyrest skikkeleg dårleg ut. Og så kjem tvilen. Kanskje det faktisk er dårleg. Kan hende eg bør ringe forlaget og seie at eg nok heller bør snakke med Serieforlaget.
Det er nok på tide å la nokon andre lese gjennom det igjen. Angsten for eigen udugelighet minskar natuleg nok når andre kjem med gode tilbakemeldingar. Om dei gjer. :tilt:

Vel. Eg skriv i alle fall. Systematiseringa eg dreiv med sist månad vart så keisam at det rett og slett er kjekt å skrive igjen. Sjølv om målet er at eg skal vite kva som skal stå i kvart einaste kapittel til midten av januar.

Desember skal vere rydde- og organiseringsmånad. No i november skal eg unne meg å berre skrive. Så ukritisk som råd.
Haha, som om eg klarar å skrive ukritisk ein heil månad.
Joda, det går bra.

Eg klarar jo ikkje skrive ein blåggpost utan å gå rett i indre dialog mellom sensorkorps og skrivelyst.

Neste gong nokon spør «kor langt er du kommen med skrivinga?» vil eg kan hende svare ærleg:
«Nei, no er eg så usikker atte…jælp.»

Advertisements