No står anda i ovnen, full av epler frå hagen og svisker frå butikken.

For nokre år sidan såg eg ein kokk på tv som leika grusom mafiaboss mens han vaska salat. Han skreik til salaten at den skulle betale, og så laga han gurglelydar (på vegne av salaten) mens han trykka den brutalt ned i ei skål med vatn.

I dag har eg hatt omlag like stor glede av å leike sjuk og ond plastisk kirurg, då eg sydde anda saman.

Synd det ikkje skal vere salat til, no når eg var så godt i gong.
Kan hende søtpotetene må bøte med livet.

Advertisements