Det er visst veldig populært å skrive om bøker, filmar og avisar etter ein er ferdig med å lese og sjå.
Eg blåggar om forventingsglede. Eventuelt forventningsfortviling. Eller forventningsirritasjon, som i går.
Om eg nokonsinne får tatt meg saman til å lage Topp 10 hunks-lista som Storalm utfordra meg til, er det overveiande sannsynleg at ein bittelitt tilårskommen britisk fyr med poser under augene og håplaust hår snik seg inn på lista.
Og om Nobelprisen i litteratur nokonsinne går til ein forfattar som ikkje berre har «kompromittert seg med å flørte litt med SF-sjangeren» som Doris Lessing, men til ein forfattar som heilt skamlaust definerer seg som fantasyforfattar, så vil han vere der.
Kva i all verda snakkar ho om?
Kva film er det ho skal sjå?
Og kven er briten?
Eg er grei og kjem med fleire hint.
Dersom du har klart det allereie får du tre poeng. Om du klarar det etter første hint får du berre to poeng.
1. Hint: Briten har forfatta boka som er filmatisert, og han er også produsenten bak sjølve filmen
No då?
Då kjem neste hint og poengsummen fell til eit poeng.
2. Hint: Han har også forfatta to andre bøker som kjem som film no.
Enno ikkje?
Det er ikkje fleire poeng å få, men det kjem fleire hint likevel.
3. I denne filmen er Robert de Niro flygande pirat. Og me likar piratar. Den neste filmen basert på bok av same forfattar byr mellom anna på ein blå, naken Angelina Jolie.
Då er det i grunnen berre å google om ein ikkje har fått med seg nokonting her i verda.
Postpost: Litt fint å sjå film inne i ein kino, i eit kulturhus, som mannen min har teikna:
Jeg skjønte det allerede da du påpekte at han muligens er verdens beste SF-forfatter. *stolt*
3 poeng til Sauegjeteren!
Eg veit kven du meiner, sjølvsagt. Men kva er det med deg og britar med håplaust hår, eigentleg?
Oj, der singla det visst i glasskor. Rart med det.
Har eg snakka om fleire britar med håplaust hår, eigentleg?
Eg trur ikkje det?
Eg tenkte no berre på Professor Slur. Han er jo litt teit på håret han også.
Åh. Alan Rickman. Ja, han er jo direkte tilårskommen og.
Jeg skjønner ikke en dritt. ellers hørtes han tltrekkende ut..
bm
Ikkje om du googlar på Angelina Jolie blue naked heller? *knegg*
Næsj, det virkar ikkje.
Då røper eg det berre: Filmen var Stardust, og forfattaren Neil Gaiman, og den avr veldig, veldig fin. *lukkeleg*
Fint kulturhus!
*flink mann*
Eg tenker det må vere rart og fint å ha ein sånn jobb. Kunne ha noko inni pc-en i månader, og så året etterpå kunne gå rundt i det. Heilt på ordentleg.
Neil Gaiman skreiv på blåggen sin at han hadde det slik med piratskipet i Stardust. Han hadde jo berre skrive det. Funne på det. Og då dei skulle filme det, så bygde dei det heilt på ordentleg. Han fekk dårleg samvit, då. For det er heilt gratis å finne på slikt i bøker, men veldig dyrt på film. *ler*
Du ville forundre deg over hvor mye jeg ikke har greie på, Avil.
Ellers hender det jeg angrer på at jeg ikke ble arkitekt. Jeg vil også gå rundt i mitt eget kulturhus (nå kom jeg på at ikke alle arkitekter får tegne kulturhus, og at mannen din sikkert er superduperflink)… Akk ja, sann.
bm