Det er dessverre ikkje mogleg for oss å ha det så ryddig heime som eg gjerne vil.

Det er fordi me lagar ting heime.

Manden lagar ting. Men han har ein heil kjellar å gjere det i. Eg vågar meg aldri inn dit.

Eg lagar ting heime. Men mitt eige er jo ikkje rot. Verkeleg.

Jentungen på seks år har produksjon og sjølvdisiplin som vil gjere ho til kommersiell kunstnar om ho velger det. Me oppretter permer, skoesker, kassar, boksar og hyller der ho kan oppbevare resultata av kreativiteten og arbeidslysta. Det hjelper ikkje. Det blir fullt fortare enn me rår med.

Gutungen har lenge hatt stor glede av modellkitt og lego, men i det siste har han begynt å insistere på at ting ikkje kan gjenbrukast. Romskip, monstre og dinosaurar må få stå urørte. Det hopar seg fort opp.

Eg har lenge sagt at eg håpar dei aldri begynner å spele noko intrument. Eg orkar ikkje bruke førtiåra mine på å køyre ungar til korpsmønstring i Nordheimsund eller bake kaker til utlodding.

Det kan vere eg endrar meining. Musikk kan ikkje hope seg opp slik.

Her er forresten ein fin ting som Eskil har laga heime.

Advertisements