Det er ikkje mi skuld at denne lista kjem. Det er Storalm si skuld, og Tordenbloggen (eg prøver å bli folkeleg, men bollekaka mi skremmer Folket på flat mark), og Samfunnet. Sidan Samfunnet påverkar meg til å vere både feminist og oppteken av utsjånad og drive med terningkast og lister og kjendisar og tvilsame vurderingar av andre, og gjennom alt dette oppleve meg som sosialt tilpassa. Det er verkeleg ikkje mi skuld. Eg vil berre kaste av meg stempelet som nynorsk, intellektuell og sexy elitist. Eg vil vere Anne B. Ragde. Eg vil vere DDE. Eg vil vere kneipp og Norvegia. Eg vil vere sinnssjukt kommersiell.

Så her kjem Haustljos si HOT, HOT, HOT-liste.

Nummer 1: Johnny.

nummer-1.jpg

Nummer 2: Colin.

mr-d.jpg

Nummer 3: David.

david-bowie11.jpg

Nummer 4: Paul

nummer-2.jpg

Nummer 5: Russel

nummer-tre.jpg

Nummer 6: Che

che.jpeg

Nummer 7: Lenny

lenny_kravitz_02.jpg

Nummer 8: Jonas

jonas.jpg

Nummer 9: Neil

neil_gaiman.jpg

Og sist på denne nærast tilfeldig samanraska lista over sexy kjendismenn eg aldri har møtt og aldri kjem til å møte:

Nummer 10: Eskil

eskil.jpg

No tenker eg dei fleste på lista er overraska, sjokkerte, glade og smigra.
Og eg reknar derfor med å figurere på deira HOT, HOT, HOT-lister over sexy kvinner dei aldri har møtt og aldri kjem til å møte.
Eller forresten, vær snille og utelat meg, elles går jo heile folkeleg-prosjektet mitt i dass.

På førehand takk.

Sidan dette er eit meme, vert følgande blågg-kvinner utfordra til å delta i svineriet:

Fryd, Mona, kvitveis, Sonja og Imp.