Kristoffer Schau prøver å komme til helvete.
No skal me sjå litt på korleis det vil gå med meg.


1. Du skal ikkje ha andre gudar enn meg.
Skuldig. Eg har trudd på mykje rart, og fortida er eg ateist og dyrkar mammon og mi eiga lukke.

2. Du skal ikkje misbruke namnet til Herren din Gud.
Skuldig. Nærast i alle moglege aspekt.

3. Du skal halde kviledagen heilag.
Skuldig. Nærast i alle moglege aspekt.

4. Du skal heidre far din og mor di.
Dersom me tolker dette som ærefrykt, autoritetstru og lydighet er eg skuldig. Veldig.
Me er gode vener no, men det blei mange år utanfor Fædrelandet.

5. Du skal ikkje slå ihjel.
Skuldig. Sjølv vegetarar må vedgå daglege drap. Kroppen min består forresten av fleire bakteriar enn mine eigne celler. Liv yrar og døyr i og rundt meg.

6. Du skal ikkje bryte ekteskapet.
Ganske mange har tolka dette som at ein ikkje skal ha sex før ekteskapet. I så fall er eg omfattande skuldig.

7. Du skal ikkje stjele.
Vel, dette med stjeling er eit av lygesjekkpunkta i psykologiske testar. Dersom eg seier at eg ikkje har stole noko, blir eg oppfatta som mindre truverdig.
Skuldig.

8. Du skal ikkje vitne falskt mot nesten din.
Skuldig.

9. Du skal ikkje begjære din nestes hustru.
Skuldig.

10. Du skal ikkje begjære noko som høyrer din neste til.
Skuldig.

Advertisements