Det var fint så lenge det varte. No har eg registrert meg, stadfesta, logga inn og gjenteke prosessen frå start. Det ser ikkje ut til å nytte. Men det er like greit. Eg har ei bok å skrive.

Cornelius: Eg skriv også 50 000 denne månaden.

Heine: Eg hadde stemt på deg, om eg ikkje boikotta pollen til Kahlisto.

Bloodymary: Eg skreiv fiktivt mobilnummer, sidan eg ikkje har, og måtte stadfeste at eg var Pål Andersen, noko eg gladeleg gjorde.

Tom: Takk for rause innlegg og kommentarar.

Eggen: Du er for smart og belest for meg. Eg kunne vore med om det var filmquiz eller obskure teikneseriar.

obs: Kjør på.

Og alle dei som skriv verdas dårlegaste «dikt» og er snurte over manglande konstruktiv kritikk frå proffane: Det heiter ikkje arroganse, det heiter omsorg.

Takk for all fisken.

Postpost: Dei har kvitta seg med meg og Hjorthen og fått spam i staden. Mohahaha. Sånn går det med møkkafolk. 

Advertisements