Det er ikkje alle som syns eg er så veldig morsom. Det hender til og med at folk eg likar ikkje ler når eg er festleg.

Humor er eit kulturuttrykk som er dominerande tilstades i praksis, og nærast fråverande som diskusjonstema.
Sjølvsagt meiner folk flest dei har humor, på samme måte som folk flest meiner dei er litt over snittet intelligente, og at dei har god smak.
Og sjølvsagt kan ein diskutere om ein kan diskutere kva som er morsomt, og fenomenet kan kjapt parkerast i samme bås som «kva er kunst» og «er nokre forfattarar betre enn andre, berre fordi nokre syns det, så lenge andre er usamde?», og «skal kulturelle fenomen verdivurderast demokratisk eller profesjonelt?».
Ørkeslause diskusjonar, sidan dei som har greie på det aldri når fram til dei som ikkje har greie på det

Uansett kva ein seier om god humor, vil folk verte paveleg sjølvgode og stå på sitt. Eg har kan hende ikkje greie på det, men eg veit kva eg likar.
Noko som likevel ikkje forhindrar folk som driv profesjonelt med komikk å diskutere temaet på sitt vis.

Noko av det minst humoristiske som fins er akademikarar som studerer humor.
Sjå berre her: Humor er viktig, og husk også å mosjonere.

For meg framstår humor som indikator på felles sosiokulturell plattform. Me viser at me har felles konvensjonar ved å reagere humoristisk på brot eller overdriving av desse. Det latterlege ved oss sjølve er når me mislukkast i å følge konvensjonar, anten ved at me ikkje formår å gjere det me skal, eller om me mister nyansane i krava, slik at me overdriv eller på andre måtar viser at me feilar. Dette kan berre delast med andre som forstår krava me forheld oss til. Og saman kan me le av andre som mislukkast, og då gjerne ved hjelp av ein som kan vise oss det, til dømes ved politisk satire eller parodiar.

Den mest sofistikerte humoren deler me med dei me har mest felles med, me som har lese dei same bøkene eller hatt dei samme forelesarane. Me stadfestar fellesskapet gjennom humoren, definerer oss som gruppe. Ein kan sitte heilt aleine heime i stova foran tv og definere sin eigen identitet og sine inn-grupper gjennom humor.
Heldigvis er det alltid mogleg å finne noko felles med andre. Eg har tilgode å sjå den kulturen der ein mann som går med sjølvsikker autoritet og snublar ikkje vert oppfatta som morsom. Enkle konvensjonsbrot og forventningsbrot går igjen i alle kulturar, og heilt små born frydar seg også over snubling. Særleg om vedkommande landar med trynet i ei blautkake og gjev frå seg rasande kvekking.

Men kva med dei stakkarane som ikkje ler av slikt? Dei som aldri forstår kva som er morsomt? Dei som utelukkande spør «korleis gjekk det med han?» med alvorleg medkjensle når du har fortalt ein festleg røvarhistorie?

Dei stiller med handikapp. Dei gjer jo det. Heldigvis er dei latterlege. Så me likar dei likevel. Det er alltid godt å ha nokon å le av, saman.

Advertisements