Folk som driv og grin profesjonelt gjer det vanskeleg for andre. Eg lurar på om slikt var vanleg før. At folk tok til tårene på jobb. At folk grein seg gjennom medarbeidarsamtalar, møter og lunsjar. At folk ringte direktørar og mellomleiarar på kveldstid og grein i telefonen.

Me har utruleg bra økonomi i dette landet. Folk er sikra i hovud og ræv, uansett kva som skulle hende. Dei tener bra, dei blåggar på jobb, surfar på nettet og går til tannlege og frisør i arbeidstida. Dei går tidleg heim på fredagen og tenker ikkje halve mandagen. Eg veit mange jobbar hardt og slit seg ut, men alt i alt bur me i eit ganske bra land, samanlikna med snittet i verda.

Eg lurer på om folk i fattigare land held på slik. Grin på møter, krever å få snakke med sjefen om alle små plager og grin og grin.

Og hadde det no vore fordi dei var triste.

Denne blåggposten handlar ikkje om folk i sorg. Den handlar om alle dei andre tårene.
Folk som grin og grin fordi dei ikkje får viljen sin.
Folk som grin fordi dei ikkje får kontor med utsikt, fordi dei ikkje får flatskjerm, fordi det blir stilt krav til dei på jobb.
Folk som grin på møter, fordi nokon er usamde med dei.

Det pussige er at alle desse grinarane ser ut til å meine at dei er veldig empatiske. Dei føler så mykje, dei er så sensitive, andre sin smerte er så overveldande for dei. Dei har så høg EQ, meiner dei.

Folk som grin på jobb gjer det vanskeleg for andre.

Dei er ikkje spesielt sensitive, spesielt empatiske eller oppmerksomme på andre sine lidingar.
Dei er manipulative bulldozarar. Dei er emobitchar.

Og dei forlangar å bli behandla som blåbær.
Vel, bulldozarar er ikkje blåbær, og nokon burde seie det til dei. I blant er det nokon som prøver. Då aukar gjerne grininga i intensitet, og emobitchen utvidar det sosialt uakseptable repetoiret sitt med å springe på gangen.

Dei brukar akkurat litt sterkare verkemiddel enn det som er sosialt akseptert. For mannlege emobitchar betyr dette gjerne skjelvande røyst som erklærer at dette vert for vanskeleg for meg, og blanke auge. For kvinner ser det ut til å kreve meir vatn. Tårene renn og renn. I straumar som ikkje er til å handtere for omgivelsane.
Gløym usemje, gløym sak, gløym kva fokuset på møtet var, gløym at medarbeidarsamtalen skulle ta opp at vedkommande aldri kjem på jobb før klokka ni. Gløym det, her skal det støttast. Helst klemmast. Og så?
Så skal emobitchen få viljen sin, utan ytterlegare tåreprovoserande diskusjon.

Den som vert manipulert, den som vert overkøyrd av grinaren sin emoretorikk og forsøker å ha fokus på sak framfor tårer, vert utpeikt som psykopat. Ordet psykopat er mykje brukt i emobitchretorikken, faktisk meir populært enn krenka og sensitiv. For emobitchen vil helst ikkje ha fokus på seg sjølv. Fokuset skal vere på den emosjonelle reaksjonen, og på den såkalla årsaken: Psykopaten.

Dei som grin og grin kvar gong dei ikkje får viljen sin er insensitive og egosentriske.
Det hender at emobitchen møter ein insensitiv, hissig og målorientert sjef.
Då er helvete laus på heile arbeidsplassen.
Til sist endar det gjerne med at sjefen vert pressa til å finne seg ein annan jobb. Om ikkje ender det kanskje i arbeidsretten. Eller VG. Eller på internett, som omfattande svertekampanjar.

Eg lurer på om det er slik i fattige land, eg. At om økonomien vert styrka og velferden auker, så myldrar emobitchane fram.
Me får halde auge med Asia. Kan hende vil tårene renne i straumar etterkvart.

Reklamer