Her sit eg i morgonkåpe, med håret fullt av fargestoff og kjøkenbordet fullt av bunkar. Eg har ei lang liste over gjeremål som skal kryssast av før klokka er eitt. Mellom anna er det to små kapittel som må gjerast ferdig, sidan dei kjem ganske tidleg i boka, og eg tenkte at manden skulle få lese dei første 100 sidene i helga.

Noko må han jo ha å gjere desse kveldane, for eg skal ha vennehelg i Oslo.
Laurdagen skal eg i fødselsdag, og har fått streng beskjed om å kjøpe alt anna enn bøker i gåve. Så då blir det vel…bøker. Mandag kjem eg heim igjen, trøytt og mett på folk.

Då gjenstår 35000 ord resten av november, om eg ikkje skal jukse i Nano og ta med dei eg hadde skrive før 1. november. Og ein skal jo ikkje jukse. Medmindre ein blir utsett for hån undervegs i ein konkurranse. Då er det lov. Seier utan juks er best, men tap med hån er ikkje til å halde ut. Derfor kan eg aldri meir spele Star Wars RISK med manden. Sidan eg trur eg kom til å jukse bittelitt då me spelte det første gongen. Han var hånleg undervegs og har seg sjølv å takke. Sjølvsagt.

Ha ei fin helg, godtfolk! Husk: Mine lesarar er kremen av kremen, og fortener alltid det beste.

Advertisements