Det fins ein særleg vanskeleg type emobitchar som mellom anna har utmerka seg i midtausten: Den monoteistiske emobitchen. Eg var freista til å skrive noko om emobitching på makro og mikro-nivå, men det kan eg ikkje. Preben Z (misogyn emobitch) har gjort det same for mikro-makro som Claus Sonstad har gjort for undertrykking i heimen. Omgrepa er no ute av bruk. La oss heller fokusere på den monoteistiske emobitchinga.

Det er utallige døme å ta av. Alt frå reaksjonane på Muhammedteikningane og tv-program om dødssynder, til sjølvmordsbombing og krig.
Retorikken er den samme som ellers: Her er det kjensler som er krenka. Og kjenslene til dei det gjeld, er viktigare enn ytringsfridom, demokrati, kunst og kultur, og ikkje minst viktigare enn kjenslene til dei som ikkje er religiøse.

IKEA har slutta med julemarkeringar for dei ansatte, då monoteistar innan andre retningar enn kristendommen kan få vondt i kjenslene sine. Bordverset «oh, du som spiste liten fugl vær snill og spytt den ut» er no forbode i norsk skule. Nokon kunne bli støytt.
Problema er omfattande, sidan monoteistiske emobitchar opererer i offentlege media, og dei er jo ikkje samde. Nokre får vondt i kjenslene av skaut, andre får vondt i kjenslene av at andre får vondt i kjenslene av skaut. And it goes on and on.

Og for å gjere det heile verkeleg vanskeleg for oss alle saman, kjem det anarkistiske emobitchar og let seg krenke av heile greia.

God natt og sov godt.

Advertisements