Eg har vore på reis nokre dagar, og trass i at eg har tenkt ein del, og trass i at den svarte notatboka mi er full av nye setningar og ord, ligg eg håplaus atter i Nano-skrivinga. 15 000 ord av dei planlagte 50 000, og berre ti dagar igjen av november.

Men kven fekk eg epost av i dag? Neil Gaiman. Han peptalker oss alle i Nano-prosjektet i dag, og seier det naudsynte. Det går trått, men ein kan berre fortsette med å fortsette. Om ikkje lenge kjem nedoverbakken, der slutten nærmar seg og orda kjem boblande av seg sjølve. For å komme dit må ein halde ut. Skrive og skrive. Uansett kor mykje tvil ein har, kor dum ein kjenner seg, kor trått det går.

Takk. Då skriv eg litt til, eg.

innboks.jpg

Reklamer