Eg har annonsert denne posten for ei tid sidan:

Dei største heltinnene

Dei reint litterære, altså. Slike som eg ikkje elskar mest fordi eg har sett dei på film, eller på ein seks timar lang BBC-serie. Slike heltinner som er litt større enn dei andre.

Judy frå Syv små australiere (Ethel Turner)
Alle me ungane las Syv små australiere (Bokklubbens barn), og me leika på myra. Alle ville vere den tretten år gamle Judy. Kvar dag. Den store søskenflokken i boka blei til noko anna desse ettermiddagane etter skulen. Men Judy i leiken var den levande Judy. Ho som alltid fann på noko galt, ho som alltid var morsom og gjorde som ho ville.

Den som alltid blir i hjarta mitt er Judy som døydde. Ho kasta seg over veslebroren og verga han mot eit gjennomrote gummitre som velta.

«Judy slapp ut et eneste vilt skingrende skrik, løp over sletten med utstrakte armer mot den lille gutten som hastet av sted rett mot døden, med latter i øynene og på leppene.
Braket fikk de andre trærne til å riste, og luften dirret.
Alle de andre hørte det – hørte det ville skriket og det gresselige braket.
Knærne deres skalv. De sprang i retning av lyden med hvite ansikter.
De løftet treet opp, den lange sølvhvite stammen, der gummien var tørket og lå utenpå barken i striper. Nedenunder lå de to små skikkelsene. Judy lå med ansiktet ned og armene strakt ut.
Under henne lå Generalen, litt rystet, svært forbauset, men uskadd.
Meg løftet ham opp, satte ham ned igjen og gikk bort til Judy. De andre sto tett omkring henne.
Det lille mørke hodet lå stille, kroppen rørte seg ikke, den lille røde kjolen så ynkelig ut, armene var strukket ut til siden.
«Judy!» sa Pip bønnfallende, angstfylt.
Men det eneste svaret var vinden i tretoppene og barnas skrekkslagne åndedrag»

Eg var ti år, og det var første gong ei lys levande romanheltinne hadde dødd for meg.

Lyra i His Dark Materials (Philip Pullman)
Jammen er ho ikkje tretten år, ho og. Men som det einaste barnet som veks opp med professorane ved Oxford som foreldre i praksis, i eit univers der teologi, fysikk og spekulativ vitskap vert kokt saman til ei fantastisk fortelling, får akkurat denne trettenåringen ein universelt avgjerande rolle.
Ikkje mange trettenåringar ville komme godt frå det.
Men Lyra gjer.

Oppsamlingsheatet
Eg er freista til å nevne Pippi også. Fresi Fantastika. Lotta. Vesle Anne. Den eine handlande, frie heltinna etter den andre. Ikkje fri frå moral, relasjonar eller konvensjonar, men frie til å gjere det dei meiner er rett, til å gjere som dei vil, og med hjarta og mot til å bryte med alle reglar for å redde andre.

Fråveret av kvinner
Kvar er dei vaksne kvinnene på lista mi? Kvar er dei sukkande, elskande, lidande kvinnene? Ser eg ikkje opp til Kristin Lavransdatter eller Nora? Kva med Dei flagrande, fantastiske kvinnene med grønt hår eller englevinger? Kva med alvekvinner i fullt gallopp? Sterke kvinner som har gått frå mannen, kjempa for ungane, tent på senger eller blitt solgt som geishaer?

Nei. Dei seier meg ingenting som heltinner. Ikkje ei einaste sukkande, elskande, lengtande kvinne har handla, kjempa og dødd slik som trettenåringane.
La oss håpe det seier meir om litteraturen enn om kvinner.

Reklamer