Eg har eit overutvikla konkurranseinstinkt. Sidan eg er eit modent menneske, klarar eg sjølvsagt å tøyle det utad. Syns eg. Familien er ikkje heilt enige. Mannen min og foreldra mine har halde råd og bestemt at eg ikkje får med og spele RISK. Dette har eg nevnt før. Har eg også nevnt at mannen min ikkje syns det er bra for ungane å spele Stigespel med meg?
Men utover det så tøyler eg meg. Eg prøver å ikkje vere direkte ufin, i alle fall. Eller skrike til folk.

Men i går rauk eg nesten ut av Tordenbloggen og måtte be nettmenneska eg kjenner om å stemme på meg. Nærare midnatt såg det ut som det var fåfengt. Då kom Lin trekkande med eit nesten-naken-bilete av meg, som eg kom til å love at eg skulle publisere. Om eg kom vidare.

Og sidan verdas beste lesarkrins stemte meg vidare, kjem altså det usømelege biletet her:

vinveer.jpg

Dette er dagen då eg fekk min førstefødde.
Eg har veer og drikk vin.
Ungen vart nemleg fødd i Danmark, og sjefsjordmora ved Universitetssygehuset i Århus meinte at eg burde forsøke meg med eit glas vin, sidan eg ikkje ville ha øl. Som ho foreslo først.

Takk for stemmene i Tordenbloggen!

Reklamer