Eg brukar navn som betyr noko. Navn som er henta frå navnebøker, leksikon, latinske navn og navn som betyr noko på andre daude språk.

Men eg har også nokre navn eg berre har funne på. Og no har eg skrive dei så mange gonger at eg har vanskar med å bytte dei ut. Dei klinger rett. Dei ser rette ut.

Eg elskar dei heilt rette navna.
Som den raude, flygande og dødelege einhjørningen Imraith-Nimphais i The Fionavar Tapestry. Heksedronninga Serafina Pekkala, med nakne, kvite armar i månelyset i His Dark Materials.
Dei heilt rette navna.

Reklamer