Enova-sjef Eli Arnstad trekker seg umiddelbart, og utan krav om sluttpakke, etter ei anonym arbeidsmiljøundersøking.

Ho velger dermed å gjere det rakt motsette av kva ein annan sjef gjorde etter liknande skuldingar, dengong frå navngjevne «varslarar» tidlegare i år. Gerd-Liv Valla har med sitt sjølvrettvise bråsinne møtt mykje kritikk for måten ho handterte den såkalla Yssen-saka på. Me var sikkert mange som då tenkte at to temmeleg usympatiske menneske såg ut til å ryke saman med kvar sine skitne triks midt i offentleg rampelys.

Det har både før og etter Valla/Yssen-oppgjeret vore fokus på varsling. Varsling om mobbing, varsling om underslag, varsling om dårleg stell i norsk helsevesen.

Etter mi meining er varsling, i tydinga det «å trygt kunne melde frå om ting som er feil, ulovleg, farleg eller ubehageleg» ein grunnleggande rett som eg vil tru blir krenka i norsk byråkrati vel så ofte som i det private næringsliv.
Fagfolk og mellomleiarar skal levere forventa og målbar produksjon, og dersom røynda ikkje er like vakker som PP-presentasjonane, vert ein sjeldan lønna i eigen bedrift for å gje beskjed.

Men er anonyme arbeidsmiljøundersøkingar eit middel som fører til varsling?

Eller er dette verktøyet, som snart alle verksemder vert pålagt å nytte seg av, ein kanal som opnar for trygg mobbing av eigen leiar?
Det er umogleg å forsvare seg mot anonyme skuldingar. Ein kan blånekte, og verte oppfatta som den neste Valla: Brutal, omsynslaus og utan sjølvinnsikt. Ein kan legge seg flat og unnskulde, men kva er no eigentleg det? Ein veit ikkje kva episodar det handlar om, ein veit ikkje kven ein skal unnskulde seg ovanfor, og ein anar ikkje kva ein skal gjere for å betre situasjonen. Og om ein ikkje kjenner seg igjen i skuldingane, skal ein avlegge falsk orsaking?

Og kva skjer med dei leiarane som faktisk er lydhøre, gode og empatiske leiarar når dei vert skulda anonymt for å vere brutale psykopatar?

Dei går.

Det kan sjå ut til at ein uansett korleis ein vender det, ikkje kan oppnå noko godt ved desse anonyme undersøkingane.
Ein kastar sjefen til ulvane i mørket og kan berre håpe at ingen er svoltne.

Ein sterk fagforening og ein organisasjon som ikkje har kultur for å straffe folk som tek kontakt og varslar, aldeles uanonymt og konkret, ser ut til å vere det beste vern for dei ansatte.
For ingen er tent med at dei beste vert angripe utan å kunne forsvare seg.
Ingen ansatte er tent med at ein dyktig og verdsatt leiar kan kastast av enkelte hevngjerrige og ømskinna arbeidstakarar utan tanke for at sjefar også er mennesker.

Advertisements