Oppe i nord er det mørkt no, med blåtimar midt på dagen. Me vestlendingar har stort sett sommar heile året (12 grader og regn uansett årstid). Den danske ektefellen min sukka seg gjennom den første vinteren her, han hadde aldri trudd det skulle vere så mørkt. Regnvåt asfalt og furuskog sluker alt lys.

Derfor er det slik ei sitrande lukke når det kjem snø. For lyset kjem attende!

Eg dokumenterer fenomenet med mitt fantastiske webcam (for dei som måtte ha blå bollekake friskt i minne: kameraet er verkeleg dårleg, – det biletet som prydar siden min øverst her er tatt med mobilen, men eg veit ikkje kor den dingsen er som overfører bileta frå mobil til pc, og no innser eg at det er meir tekst inni parentesane enn utanfor og det er strengt tatt berre teit).

bilde-284.jpgbilde-286.jpg

bilde-288.jpgbilde-289.jpg

No fyrer eg i peisen, har kokt kaffi, og skrivedagen skal starte.
Som dotter mi sa då eg fulgte ho til skulen i dag: Du har liksom helg kvar dag du, mamma!

Og jammen har eg det.

Advertisements