Då eg var russ vart eg nominert til valget av russepresident. Venninna mi sat i valgkomiteen, og på nominasjonsplakaten hadde ho limt opp bilete av meg i miniskjørt, nettingstrømper og gedigent åttitalshår. Ei anna venninne dreiv valgkamp, og hang opp plakatar av meg på skulen. Eit bilete av meg og ei and. Dei to andre kandidatane, Heine og Ole-Christian, dreiv proff valgkamp, og det var stor stemning før valgdagen, med utdeling av øl på skulen, lærarar som tilta og framføring av nidviser.

Sjølve kåringa vart gjort på ein styggefest, noko som dengong innebar at folk kledde seg i syttitalsklede.

Eg fekk fire stemmer. Ole Christian hadde stemt på meg, sidan han ikkje syns ein kunne stemme på seg sjølv. Eg hadde stemt på meg. Og to andre som fortalte at dei hadde stemt på meg fordi det var litt synd om eg ikkje fekk stemmer i det heile. Med andre ord hadde ikkje verken ho som nominerte meg eller ho som sto for kampanjen min stemt på meg.

Ole Christian fekk ein hederleg andel av stemmene, men Heine sopte til seg brorparten av stemmene og regjerte på festen og resten av russetida som heidra og elska russepresident.

heine_totland.jpg

Eg vart redaktør for russeavisa. Det var forsmedeleg å tape så grusomt, men eg må vel innrømme at eg gjorde meg betre som redaktør og skribent enn eg hadde gjort meg som festgeneral.

No er det Tordenblogg-avstemming, og motstandaren min i denne runden har både dametekke og proff kampanje.
Når stemmene vert talt opp i morgon tidleg vil eg minne meg sjølv på russetida.
Eg eignar meg nok betre som skribent enn som valgdronning.

Men om du vil stemme på meg, så gjer du det her. Eg tek imot medlidenhetsstemmer.
Eg er ikkje verre på det.

Reklamer