November har betydd eit heilt særleg skriveprosjekt for mange tusen menneske verda over, der omlag 200 nordmenn har delteke.
Med startskot første november har me freista å produsere ein heil roman på tretti dagar.
Fleire blåggarar har delteke, som Belmotte , Virrvarr og Cornelius Jakhelln, og så eg då. Proffen Cornelius grusar oss alle og ser ut til å komme i mål med sine 50 000 ord på ein månad, endå han kom seint i gong.

Eg hadde 37 000 ord ferdig før start, og har lagt til over 20 000 fleire denne månaden. Men eg falt for freistinga til å lese gjennom, endre, skrive ut, lese høgt, skrive om og korrekturlese. Så nokon NaNo-heltinne blei eg ikkje.

Men det har vore opptur likevel. «Reglane» er gode og forløysande. Skriv i veg, og skriv litt til. Parkere sjølvkritikk og delete-tast ein heil månad. Berre pøse på alt ein har i hovudet, rett inn i pcen med det.
Og det har vore fint å tenke på alle dei andre som skreiv. Eg veit jo at verda er full av slike håpefulle skribentar som meg, men dette blei handfast og synleg og dermed eit løft.

Dessutan har eg fått fine epostar. Forfattarar har sendt pepp-snakk rett inn i epostboksen min, med gode råd, trøyst og spark bak. Eg kjem til å lese dei igjen, når det går trått.

No er boka mi på over 60 000 ord, der dei første 50 000 er «ferdige». Tempoet har vore heilt til å leve med, og det gjer noko med prosessen vidare. No tenker eg at det ligg 80-90 000 ord, og ei heil bok «ferdig» til eg skal på skrive-workshop i januar ein gong.

Ambisjonen om å ha eit manuskript klart til å kaste for redaktørulvane i starten av mars virkar ikkje lenger urealistisk.

Takk for no, NaNo! Eg kjem tilbake neste år!